Rask lompepizza

av Marenvo
20

Servings

1
Rask lompepizza

Superrask og god middag eller lunsj som passar fint om du vil kvitta deg med nokon slappe grønsaker. Fungerer bra med både speltlomper og potetlomper. Bruk gjerne andre grønsaker og pålegg enn det som står her, berre fantasien set grenser!

Ingredients

  • 3 stk lomper
  • 3 ss ketchup
  • 3 skiver kokt skinke
  • 3 skiver ost
  • 1 håndfull paprika
  • 1 håndfull mais
  • 2 stk cherrytomater
  • 1 ss pizzakrydder

Method

  1. Sett steikeomnen på 200 grader.
  2. Legg lompene på ei steikerist med bakepapir. Smør ketchup på lompene.
  3. Legg ei skive skinke og ei skive ost på kvar lompe.
  4. Kutt opp paprika og tomat, og legg dei på lompene. Strø over mais og krydder til slutt.
  5. Steik på midterste rille i omnen til osten har smelta og lompene begynnar å bli brune.
  6. Server gjerne med ein klatt rømme og litt salat.