Komler/raspeballer

av fysen på
240

Servings

4
Komler/raspeballer

Komle, kompe, ball, raspeball, «hvaforno?». Kjært barn har mange navn, og for meg er akkurat dette kjærare enn det aller meste. Dette er smaken av søndag heime på Vestlandet. Dette er mamma si oppskrift på komler. Her blir det brukt havregryn og ikkje meir kveitemjøl enn absolutt nødvendig for å få komlene ekstra saftig og god, samtidig som dei henger i hop. Me åt komlene med kålrabistappe og diverse kjøt frå Annis pølsemakeri: røykt svineknoke, Andouille-pølser og litt ekstra bacon.

Ingredients

    Komler:

  • 1 kg kokefaste poteter
  • 3 kopp hvetemel
  • 1 kopp havregryn
  • 100 g bacon

    Kålrabistappe:

  • 1 stk kålrot
  • 1 stk gulrot
  • 3 ½ ss smør
  • 1 dl kremfløte
  • ½ dl kokekraft

    Tilbehør:

  • 1 stk røkt svineknoke
  • 4 stk pølser
  • 100 g bacon

Method

  1. Start med svineknoken: Kok opp vatn i ei stor kjele. Skru ned varmen litt når vatnet koker. Ha i svineknoke, og la den trekke i 3-4 timer.
  2. Lag komler: Skrell og rasp potetene. Ha i kveitemjøl og havregryn, og kna til ein god deig. Prøv deg fram med mengde mjøl: Bruk nok mjøl til at komlene akkurat kan formast som baller. Bruker du for lite, kan du risikere at komlene smuldrer opp i vatn. Bruker du for mykje, kan komlene bli litt for mjølete etter vår smak. Me liker dei litt våte.
  3. Lag baller med baconbit inni. Baconet som eventuelt er til overs sparer du til slutt. La komlene trekke i samme kjele som svineknoken i 3-4 timer.
  4. Kålrabistappe: Kutt kålrot og gulrot, og kok til heilt møre. Sil av vatnet og mos. Tilsett smør, kremfløyte og kraft, og rør godt. Smak til med salt og pepper.
  5. Me åt komlene med kålrabistappe og diverse kjøt frå Annis pølsemakeri: røykt svineknoke, steikte Andouille-pølser og litt ekstra steikt bacon.