No notifications yet
You're all caught up!
Posted on: 09/06/2023
Superrask og god middag eller lunsj som passar fint om du vil kvitta deg med nokon slappe grønsaker. Fungerer bra med både speltlomper og potetlomper. Bruk gjerne andre grønsaker og pålegg enn det som står her, berre fantasien set grenser!
Sett steikeomnen pĂĄ 200 grader.
Legg lompene på ei steikerist med bakepapir. Smør ketchup på lompene.
Legg ei skive skinke og ei skive ost pĂĄ kvar lompe.
Kutt opp paprika og tomat, og legg dei på lompene. Strø over mais og krydder til slutt.
Steik pĂĄ midterste rille i omnen til osten har smelta og lompene begynnar ĂĄ bli brune.
Server gjerne med ein klatt rømme og litt salat.